Kvinnherad Handballklubb (KHK) er ein lokal idrettsklubb i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Klubben blei etablert i 1992 og har i dag rundt 215 medlemmer fordelt på 11 lag i ulike aldersgrupper – både for gutar og jenter.
KHK tilbyr handballtrening og kampar for born, ungdom og vaksne. Klubben har også eit eget lag for tilrettelaga handball som heiter KHK Foreina. Dette lager er vi stolte av å ha påmeldt i Hjerteligaen. Vi er ein breddeklubb som ønsker flest med, lengst mogleg!
Aktiviteten inkluderer treningar i Kvinnherad Arena og Husneshallen, deltaking i lokale og regionale seriar, deltaking på nasjonale og utenlandske handballcupar, handballskular og arrangement, sosiale aktivitetar og lagbygging.
I Kvinnherad Handballklubb skal du oppleve glede og mestring. Vårt mål er at dei som startar med handball skal ha gleda av det og delta lenge. Det gjeld både dei som etter kvart ønskjer å satsa på ei handballkarriere, og dei som heller ønskjer å ha handballen som ein gjevande fritidsaktivitet og / eller som førebygging for god fysisk og mental helse. KHK ønskjer at vår aktivitet skal bidra til å skapa eit trygt og forutsigbart miljø for born og unge i Kvinnherad. KHK satsar mot at alle kan oppleva å bli best mogleg ut frå sine forutsetningar.
KHK blir drive av frivillige trenarar, lagleiarar og støttepersonell som legg ned stor innsats for å skapa eit trygt og inkluderande miljø. Klubben bruker Spond for organisering og kommunikasjon, og har åpne treningstilbud for nye spelerar i alle aldersgrupper.