Vårspretten 2026!
For fjerde år på rad inviterer Ungdomsteamet, Ungdomsbasen Nord Nattcafé, Kvinnherad frivilligsentral, Kvinnherad Arena og frivillige eldsjeler til Vårspretten – eit rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse og oppover i Kvinnherad.
Onsdag 30. april går arrangementet av stabelen i Kvinnherad Arena, og vi gler oss til ein kveld full av aktivitet, latter og gode opplevingar. Her blir det noko for alle – enten du vil vere aktiv eller berre henge med venner.
Blant aktivitetane finn du innebandy, volleyball, BlazePods, bordtennis, basketball, PlayStation og mykje meir. Det blir også moglegheit for klatring og ope trampolinerom! I tillegg blir det sjølvsagt servert gratis pizza til alle deltakarane.
Arrangementet varer frå kl. 18:00 til 23:00. Det er satt opp gratis buss til Rosendal, Halsnøy og Utåker (via Kaldestad) ved arrangementets slutt.
Vi treng frivillige!
For å gjennomføre arrangementet treng vi mange frivillige. Vi oppfordrar foreldre, føresette og andre engasjerte til å melde seg via påmeldingsskjema (Frivillige Vårspretten – Fyll ut skjema). Tidlegare frivillige fortel om ein kjekk og meiningsfull kveld saman med ungdom frå heile kommunen.
Vi håpar å sjå akkurat deg på Vårspretten 2026!

