Arrangement

Terreng-/jubileumsløp i Tveitedalen, 7.november

Arrangeres av:

Er du klar for ei løpsoppleving litt utanom det vanlege?

Me lagar til terrengløp for både barn, ungdom og vaksne med løyper gjennom variert natur og terreng.

Velkomen til jubileumsløp i Tveitedalen.

Idrettslaget Ternen fyller 50 år, og ynskjer velkomen til jubileumsløp/terrengløp i Tveitedalen laurdag 7.november.

Start barneløp (6-12år) kl.11.00

Start frå 13 år og oppover kl.11.45

Informasjon:

Klasse 6–12 år

• Deltakarane spring ei løype på om lag 2,5km

• Langs løypa vil det vere nokre naturlege hinder og aktivitetselement, som til dømes: hinder å klatre over, balansehinder o.l.

• Det vil vere vakter plasserte ved bruer og andre viktige plasser

Klasse 13 år og eldre

• Deltakarane spring ei løype på om lag 2,5km

• Endeleg trasé blir fastsett veka før arrangementet, avhengig av vær og forholda i terrenget.

• Løypa vil gå gjennom variert terreng, mellom anna:

o Veg og grusveg

o Skogsstiar

o Myr

• Det vil vera eit skiskyttarelement i løypa (truleg ved sandtaket). Bom vil føre til strafferunder. Ca 30 sek per runde.

Det vert høve for å skifte i garderobanlegget i kjellaren.

Premieutdeling når alle er kome i mål.

Prisar:

Trimklasse kr 100,-

Konkurranseklasse kr 100,-

Born (6-12 år) kr Gratis

Born (13-15år) kr 50,-

Påmelding:

https://live.eqtiming.com/84740#eventinfo

Open turkafè i Ternebu

Alle er hjarteleg velkomne.

Me ser fram til ein flott dag med aktivitet i dalen.

Arr. -IL Ternen-

Kategori
Active

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 7, 2026

10:00 — 13:00

Praktisk informasjon

Sted:Tveitedalen
Adresse:Holmedalsvegen 530, 5453 Utåker, Norge
Kontaktperson:
Deltakere på aktivitet:Alder 6 - 100 År
Eksterne lenker:EQ-timing - påmelding

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart