Noko nytt er på gang i Tveitedalen!
Me inviterer til baklukesal – ein enkel og sosial møteplass med fokus på gjenbruk, berekraft, aktivitet og fellesskap.
Har du klede, sports-, tur- eller fritidsutstyr som fortener nye eigarar? Eller er du på jakt etter eit godt bruktkupp? Då er dette dagen for deg!
Sjå plakaten for meir info – og meld deg gjerne på eventet på Facebook: BAKLUKESAL I TVEITEDALEN
Me synest det er ekstra kjekt når fleire har lyst til å vere med og bidra til å skape ein triveleg dag i Tveitedalen
Difor er me veldig glade for å ha fått Georgs Bolleri med på laget! Han tek turen til baklukesalet med sine fantastisk gode bollar – og me trur dei kjem til å passe heilt perfekt saman med ein kaffikopp, ein god handel og ein prat rundt bordet.
Det er nettopp slike bidrag som er med på å skape liv, glede og gode møteplassar i bygda.
Tusen takk for at du blir med, Georg!
Me gler oss!
Del gjerne – og ta med deg ein ven!
Saman skapar me ein meir berekraftig og aktiv kvardag