Ended

Recoverykurs

Hosted by:
Har du utfordringar knytt til di psykiske helse eller eit rusproblem? Vi starter opp med eit livsmeistringskurs som handlar om ditt liv og dine valg. Kurset skal bidra til å fremje moglegheitar og tru på at menneske kan leve meiningsfulle liv sjølv med store utfordringar i kvardagen. Alle har draumar, ynskjer og mål for framtida. Vi har bruk for dine idear og dine erfaringar. Vi samlast i ei gruppe og arbeidar saman for at kvar einskild skal få fram sine ynskjer og mål for framtida. Kurset tek utgangspunkt i viktige element innan recoverytenkinga. Elementa omfattar: • tilhøyre • håp • identitet • meining i livet • eigen styrke Recoverykurset er eit samarbeidsprosjekt mellom rus- og psykisk helseteneste i Kvinnherad kommune og Recovery ressursbase prosjektet i FOUSAM. Praktisk informasjon • 12 samlingar på 3 timar, 2 gangar per veke • Omlag 10 kursdeltakarar • Enkel servering • Tid og stad: Dagtid på Husnes • Kurset er gratis Kven er vi? Kurshaldarane har sjølv erfaring frå psykisk sjukdom/ rusproblem eller har fagutdanning innan rus-/ psykisk helse. Kurshaldarar: Eva Handeland Sjo, Olaug Bakke og Birte Thoresen Psykisk helsearbeidarar i Kvinnherad kommune
Category
Learn

Copy link for sharing to facebook groups

Recovery kurs
1% fil - 1

October 31, 2022

08:30 — 11:30

Practical Information

PlaceHusnes
AddressHusnes, Norge
Contact person
Participants on the event:This event is for those who are 18 and older

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map